- Velkommen til fjordnære og vakre

MATLAND GÅRD

Garden vår

Matland Gård er lokalisert ved Ådlandsfjorden i den vakre bygda Holmefjord. Her har familien Matland budd i meir enn 400 år. Bonden sjølv Tore Johannes Matland,er 11. generasjon på garden og likar å syngja og fortelja frå gamle dagar.

 Her hjå oss er alle hjarteleg velkomne. Me set stor pris på å få besøk og har alltid tid til ein kopp kaffi gjerne med noko godt attåt baka av konemor Linda Cecilie. Som de skjønar så er ho glad i å laga mat og likar å arrangera selskap til kjente og kjære.

 Ta gjerne turen til Matland Gård. Her kan de få helsa på dyra våre, ta ein dukkert i Ådlandsfjorden, ha sangstund i Spelstova eller grilla i fjæra. Frå kaien vår kan du prøve fiskelukka og ynskjer de å overnatte har me rom til leige ved fjorden. 

Med god hjelp frå venner, familie og naboar restaurerte me våren 2023 Sjøbua vår. Resultatet er blitt eit unikt selskapslokale ved fjorden. Lokalet har eit historisk preg. Gamle båtar som har hatt si fartstid her på garden,er kome til sin rett og heist opp som pynt på veggene. I båtene ligg det også over 100 år gamle teiner og langs veggane heng det velbrukte nøter og fle frå gamal tid. Veggane er pynta med historiske gjenstandar og dei har alle hatt sin misjon på garden. 

Lokalet er 280 m2, har ei scene på ca 30 m2, ei avdeling med nostalgiske sittegrupper, ein lita kjøkkenavdeling og sitteplass til vel 140 gjester. 

24.06.2023 

hadde me bryllaupsfest i Sjøbua

Linda Cecilie & Tore Johannes


Sjøbua ligg vakkert til nær fjorden
Sjøbua ligg vakkert til nær fjorden

Sjøbua 

- vårt unike selskapslokale

I sommarhalvåret kan me saman med dykk skapa ei magisk feiring heilt i sjøkanten. Lokalet vårt eignar seg til både bryllaup og konfirmasjonar, men tålar også godt ein god gamal bygdefest. Om de vil ha festen/ dagen dykkar her hjå oss, så kan me saman gjera feiringa slik de ynskjer;

 

Konfirmasjon, bryllup, bursdagsfestar, blåturar, sommarfestar, teambuilding eller noko anna de vil feira.





DYRA VÅRE

BELLA

Bella er vår gode japanske spisshund. Ho og Ravina er søstre og dei får gå heilt fritt her på gården. Bella er lydig, likar å leike, er blid og glad i folk og dyr.


RAVINA

Ravina er vår andre gode japanske spisshund. Ho liker å gå tur, vera ute med dei andre dyra. Det er ikkje alltid ho høyrer kva me seier, men tar det igjen med å vera den mest omsorgsfulle hunden på gården. Ho passar på store og små.

Svartfjes-sauer

Me har i dag 14 vaksne svartfjes-sauer på gården. Me synes dei er dei finaste sauene av alle rasar. Dei går ute heile året, og ordner sjølv lemminga. Dei pleier å få eit eller to hardføre lam kvart år. Om hausten pleier me å få solgt sympelamma til andre bønder, medan værane blir for det meste slakta.

Fuglane våre

PLATON

Me har to påfuglar på gården: Søskenparet Platon og Pernille. Dei fekk me hjå nokon som ikkje kunne ha dei lenger, og no lever dei fritt her på gården. Dei er uadskillelege og skriker om dei ikkje ser kvarandre. Dei passar på dei mindre fuglane og me har hatt mindre besøk av reven etter at dei kom til gards.

HØNENE VÅRE

Me har for tida 6 høner på gården. Dei verper masse egg og er ikkje berre frittgåande, men også nærgåande. Dei er veldig tamme og likar å bli løfta opp for å bli kost med. Dei går fritt på gården om dagen og går inn om natta. Dei trives saman med alle dyra og menneska på Matland.

SVANER I SJØKANTEN

Dette svaneparet kjem på besøk til oss kvart år. Dei trives i vannkanten på Matland og liker å få ein godbit frå oss.

Sophie og Milo

Me har to katter her heime hjå oss. Hunnkatten Sophie og hannkatten Milo. Milo er snill og god, og likar å vera med oss på tur. Han er blitt litt lat etter at han vart kastrert så no ligg han helst inne og sover.

Sophie er vår unge og livlige hunnkatt. Ho har for tida kattunger og er verdens beste mor. Ho passar godt på kattungane sine. Sophie har litt av rasen Maine Coone i seg og alle kattungene blir oransje og langhåra. Veldig fine og leikne.