Prisliste : leige av sjøbua med uteområdet ved sjøen

Enkle arrangement som blåturar, kurs, lunsj, avslutningar, sommarfestar osv....

Inkluderar mat/ drikke utan alkohol,  vertskap, mogelegheit for underhaldning og me kan saman med dykk skreddersy ei kjekk oppleving.

Dette kan me skreddersy: mat, alkoholholdig drikke, pynt, borddekking, type underhaldning, evt ekstern underhaldning, tidspunkt, teambuilding, rebusar, quizer osv..........

Eksempel på mat me kan servera: Fiskesuppe og andre supper, gryter, heimalaga kjøttsuppe, taco, koldtbord, tapas, reker, grillmat, pølser, baguetter, pizza osv......

Dessert, is, kaffi, vaflar, lappar, snacks til borda. osv... kan vera inkludert, men fint om de ordnar med evt kaker sjølve

Me kan ikkje laga 3 retters middagar då me ikkje har stort kjøkken til det.

Frå 400 kr pr. vaksen

Leige av lokalet til dykkar arrangement

Sjøbua, brakkene og uteområdet som høyrer til, er inkludert

 I lokalet er det scene, lydutstyr med høgtalarar, ,mikrofonar og eit lite miksebord, ei avdeling med sjarmerande eldre bord og stolar, bar, stort kjøleskap og ein liten kjøkkenkrok. Me rigger etter ønske partytelt med pynt, utemøblar, bord og stolar inne og passer på at alt er fint til festen. Lokalet kan vera tilgjengeleg nokre dagar før arrangementet.

Inkluderar også utvask og strøm.

16000 kr

Me arrangerar festen for dykk

Ta kontakt for pris. Me skreddersyr din fest.

Pris er avhengig av kva de ynskjer å gjera på festen. Me kan fikse dette:

- borddekking

-musikk / underhaldning

- blomar

-pynte ute og inneområdet

- vera vertskap på festen

- mat : 

gryter, supper, kjøttsuppe, taco, tapas, desserter, rekebord osv........ ( kan ikkje servera 3- retters middag, då me berre har eit lite kjøkken)

- drikke, kaffi og kaker kan de gjerne ordna sjølve

16000 kr + frå 400 kr pr. vaksen 

Barnebursdagar

Feir bursdagen i vannkanten med grill og bålpanne, eller ha ein musikalsk bursdag i sjøbua med rigga scene, mikrofonar , høgtalarar og lat borna vera stjerne for ein dag

Frå 1000 kr

Leige av motorbåt eller kajakker

Frå 500 kr